
Dersom du ikkje skjønar overskrifta mi er du sikkert av dei som ikkje syns tennis er ein fantastisk sport. Du bryr deg sikkert ikkje om Wimbledon* heller. antageleg har du aldri heia på McEnroe og kasta racketen lufta på ekte McEnroe**-måte slik at du blødde naseblod. Kanskje du er blant dei som seier "I Jesu Kristi Frelserens navn; tennis?!?"***
(I tillegg er du sikkert ingen stor fan av Crowded House heller)
Eg derimot er ein av dei som sat klistra til tv-skjermen når dei viste Wimbledon-turneringa. Etterpå måtte eg sjølvsagt ut og gjere slik som dei hadde gjort på tv. Ikkje reint sjeldan kasta McEnroe racketen sin i lufta eller bakken i sinne. Det er kanskje det eg hugser best av han. Og at eg aldri heilt fekk taket på å ta i mot racketen. Det var dessutan ein badminton-racket som tenderte til å gå sund når eg heiv den i bakken. I denne veka om sommaren var eg ofte tennis-proff. Resten av året var eg fotball-proff i Italia. Juventus. Sjølvsagt på herrelaget. Låveveggen og steinen var gode medspelarar, og eg scora mangt eit vakkert mål. Men no prata vi om tennis. Eg gjorde i alle fall.
I dag nytta eg høvet til å sjå eine semifinala i Wimbledon, og ikkje uventa vann Federer. Eg syns det var litt dumt at Roddick slo Murray i den andre semien, men trur kanskje Federer er happy-schnappy! Finala er vel så godt som vunne, men ein veit jo aldri. Ballen er, nett som i fotball, rund. Og svært spretten. Og Federer viste i dag at han kunne gjere feil.
At eg i tillegg fekk ein Spiderman-tennistrappetrollgreie av Synnøve i dag gjorde dagen nærast perfekt. Og eg ser fram til finala! :)
* Den eldste og mest prestisjetunge tennisturneringa i verda
** Ein av dei store spelarane på 80-talet
*** Sitat frå "Mannen som elsket Yngve"
2 comments:
Dette blir bare bedre og bedre - nå også med "Mannen som elsket Yngve"-sitater!
Selv har jeg dessverre ikke klart å spore opp noen kanal som viser Wimbledon her jeg er, men følger ivrig med på nettet... Og jeg savner Nadal...
har du sjekka på wimbledon.com? der står det kva tv-kanalar som sender. :)
Ja...Nadal er sjølvsagt sakna!
Post a Comment