Tuesday, March 10, 2009

Ein viktig kveld!


No er det berre tre dagar til "Leve 09" arrangerast på Fincken. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom LLH Bergen og Hordaland, Kirkens bymisjon og Norges Kreative fagskole. Dette er ein kveld der vi set fokuset på hiv-/aids-pandemien. "Kvifor er dette viktig?" spør du kanskje. "Alle veit jo kva dei må gjere for å ikkje bli smitta." Ja, det gjer nok dei fleste, men likevel ser vi at antalet smitta går opp, og stigmatiseringa av hiv-/aids-ramma held fram.

I tillegg til at Walter Heidkampf frå Helseutvalget kjem for å snakke litt om korleis det er å vere ramma av Hiv, vil vi også få kulturelle innslag. Siste ankomne artist er Nan Espeseth, eine halvdelen av gruppa "Me and Bobby".

Eg gler meg! Eg er spent! Eg er sikker på at dette blir ein uforglemmeleg kveld!

No comments: