Tuesday, February 17, 2009

Prosjekt Oscar


Natt til måndag er det utdeling av Oscar-prisar, eller Academy awards som det eigentleg heiter. Det er alltid kjekkare å sjå på om ein har sett mange av filmane. Difor har eg endeleg byrja "prosjekt Oscar" der målet er nettopp dette. No har ikkje alle filmane kome på kino i Bergen (heldigvis), så eg er unnskyldt om eg ikkje får sett alle! De meiner kanskje at det er dumt å starte så seint, men eg jobbar best under tidspress.

Her er lista over filmane eg bør sjå:
Changeling
Frost/Nixon
Revolutionary Road
Slumdog Millionaire
Bolt
Milk
The Curious Case of Benjamin Button

I tillegg har eg følgjande filmar på DVD:
In Bruges
Wall-E

Heilt spontant gjekk eg på kino i går og såg Slumdog millionare. Filmen er nominert til heile ti prisar, og etter mi meining bør den vinne mange av dei. Filmen hadde alt; bra musikk, god handling. Humor, spenning og romantikk. Den var litt trist, den var veldig bra oppbygd og FIN! Eg valde rett film!

Eg er usikker på kva film som blir den neste.

No comments: