Wednesday, February 18, 2009

Oscars. Continued.

Eg har no lagt plan for korleis eg skal få sett fleire av filmane på lista mi. Sidan eg har ein del avspasering, og kjem til å få meir, til gode, avspaserer eg nokre timar i morgon for å få sett "Revolutionary Road". I helga kjem ungane, i alle fall to av tre, så då har eg endå ein god grunn til å sjå "Wall-E", og så tenkjer eg at eg og får sett "In Bruges" laurdag eller sundag.

Kva så med dei andre kinofilmane? Forhåpentlegvis er Bergen kino grei og viser "Milk" kl 18.00 eller tidlegare fredag, for då skal vi til byen. Eg hadde tenkt å få sett "Changeling" i morgon, men det ser kanskje litt myrkt ut. Sidan den blir teken av programmet torsdag (TAKK, Bergen kino!) kan det nok tenkast at eg ikkje får sett denne før Oscar-night. Eg syns og det er VELDIG drøyt at Bergen kino tek kr 120,- pr billett for "Benjamin Button" og at den kun går ein gong pr dag. Trur kanskje den óg må gå på lista over dei eg ikkje får sett før deadline.

Uansett; Oscar-uttdelinga kjem, og eg voner eg finn ein stad* eg kan sjå den. Tenkjer at eg snart skal lage ein diskusjon om det på eit eller anna forum. Og så lurer eg på kven andre som skal sjå uttdelinga. Gi ein lyd og sei gjerne i frå kor du skal sjå den!


* for dei uinvidde: NRK meiner at det er unødvendig å sende Oscar-showet, medan dei sender alle øvingar i skiskyting-VM direkte. Når eg har spurt dei seier dei at det er liten interesse for Oscar. Det er heller ingen andre vanlege kanalar som plar å sende det, slik at vi nerdar ofte må sitte å sjå nett-tv frå eit eller anna aust-europeisk eller asiatisk land. Den georgiske tv-kanalen Rustavi 2 er eit "godt eksempel". ELLER vi kan gjere som NRK tydelegvis meiner er heilt ok; sjå opptaket nokre dagar seinare (hmfr!).

No comments: