Friday, January 23, 2009

Og dei nominerte er...


Så er det endeleg offentleggjort kven som er nominert til Oscar 2009. Ikkje uventa er "The Dark Knight" nominert til mange prisar, blant anna er Heath Ledger nominert til prisen for beste birolle for sin innsats i filmen. Det gjev nok ikkje høge odds dersom ein tippar at han får prisen. Og det er veldig fortent i tilfelle! Eg vonar og filmen blir årets beste film!

Fram mot uttdelinga må eg sjølvsagt prøve å få sett flest mogleg av filmane, dvs dei som har kome på norske kinoar. Enkelte filmar har norske kinoar valt å droppe frå programmet. "In Bruges" feks har nokon funne ut at ikkje skal visast på kino. Heldigvis har eg fått kjøpt den, etter at Johannes gjekk god for den. Eg veit kven eg skal stole på når det gjeld film!

Ein dansk kortfilm basert på Lars Saabye Christensens novelle "Grisen" er nominert til Oscar i klassa for beste kortfilm, og det finnast mange andre gode grunnar til å halde seg vaken denne natta. Oppfordring er sjølvsagt sendt til NRK om at dei skal sende showet direkte. Seriøst; når det er OL eller VM sender dei direkte uansett når på døgret det er. Eg er lei denne diskrimineringa!

Sjå alle dei nominerte her.

No comments: