Wednesday, January 14, 2009

Begeistra!

Nett heimkomen frå teater og framleis veldig begeistra. Eg har nemleg vore på DNS og sett og høyrd foredraget "Kjønnsbegeistring" av og med Elsa Almås og Esben Esther Pirelli Benestad. Då eg voner at nokre av mine lesarar skal gå og sjå stykket sjøl skal eg ikkje avsløre så mykje, men kan seie at det var eit særs godt foredrag som var engasjerande, lærerikt, bekreftande og rørande. Trur kanskje det kun er desse to som klarer å halde eit slik foredrag som evnar å gi publikum noko meir enn tørre fakta. I den grad ein kan gi fakta om temaet.

Det blir ikkje siste gong eg besøker DNS denne vinteren/våren. Eg ser fram til mange fleire besøk! Og eg er sikker på at eg blir like begeistra då!

I morgon derimot skal eg på Bergen Gay Galla der eg faktisk sjølv er nominert til ein pris. Eg syns eg kan nemna det no, sidan det óg er noko å vere begeistra over. Den store draumen er at Sigvart Dagsland vinn prisen og at vi saman kan gi eit portrettintervju og posere i alle landets aviser. Eventuelt på framsida av Skråskrift.


3 comments:

Anonymous said...

krysser fingrene!

Anonymous said...

kvifor kan ein ikkje stemme på Torill som den største superhelten?

Torill Jørgensen Frøise said...

ims: og det hjalp ;)

anonymous: fordi du kunne stemme på meg ein annan stad. og fordi eg er meir ein antihelt :P