Thursday, January 15, 2009

Saka er BIFF


Etter ei heil vekes ventetid for både den eine og den andre blei spenninga endeleg utløyst i går. Bergen Gay Galla var det vi alle hadde venta på. Det var ikkje mykje gallakjolar, glitter eller raude løparar å sjå (bortsett frå nokre av artistane på scena), men likevel glitra litt likevel. Staden var den nye homoutestaden i Bergen; Rio. Det kjem nok til å gå ei stund før eg ikkje tenkjer "softis med Arnfinn" når eg høyrer namnet.

This moment is so much bigger than me!
For å ikkje trekkje dette ut i det uendelege; JA, eg vann! JA, eg vart Årets ildsjel. Det var veldig stort, eg hadde planar om ei lenger tale, men når sant skal seiast vart eg litt overraska over å vinne. Overraska, men veldig veldig glad! Når ein driv med frivillig arbeid er det så lite som skal til for at ein får nye (super-)krefter. Dette var dog ikkje "lite". Eg fekk ein fin, gul pris. Nett som Prix. Eg lova Ina at eg skulle ta den spøken her i blogginnlegget, og løfter er til for å haldast!

Etter at eg hadde fått prisen min var tida komen for Årets hetero. Her var Sigvart nominert. Eg hadde vel ikkje heilt trua på at han skulle nå fram, men jau! Han fekk prisen, og det var så utruleg fortent! Diverre var han ikkje i byen, men Torill frå managementet hans (som "tilfeldigvis" er lesbisk) tok i mot prisen på hans vegne. Han hadde sjølvsagt skreve ned kva ho skulle seie, og - needless to say - det var gøy! Vi lo alle godt! Akk, eg fekk litt klump i halsen og det var veldig stort!! Eg måtte vise V-teiknet nokre gonger. Eg og Sigvart, liksom. Akk!

Elles kan eg nemne at årets "Forbedringspris" gjekk fortent til Nina Karin Monsen og Sjømannskyrkja fekk, minst like fortent, Frydeprisen.

- Kvifor nemnde ho biff, tenkjer du no sikkert (eller kanskje ikkje, men det bryr eg meg lite om). Jau, fordi BIFF (Bergen Internasjonale FilmFestival) fekk prisen som "Årets kulturperson". Så ja, mange fortente prisar. Ingen (andre) nemnd, ingen gløymd.

Her er lista over vinnarane:
Homofrydprisen: Sjømannskirken
Årets hetero: Sigvart Dagsland
Årets homo: Hanne Lyseth
Årets homopolitiker: Eivind Nævdal-Bolstad (H)
Årets organisasjon: Bergen Internajonale Filmfestival (BIFF)
Årets kulturpersonlighet: Josefin Winther
Årets forsker: Senter for kvinne- og kjønnsforskning ved UiB
Årets ildsjel: Torill Jørgensen Frøise
Årets nykommer: LLH Voss og omland.
Forbedringsprisen: Nina Karin Monsen

5 comments:

Anonymous said...

jippi jippi jippi jey

Anonymous said...

Hva står forresten for tur neste år? Jeg har spekulert litt på dette, toget har gått litt for å bli årets hetero eller årets nykommer (du burde lagt en bedre langsiktig strategi). At årets homopolitiker og årets kulturpersonlighet står for tur er jo åpenbart, men skal vi snike inn noen andre først? Årets organisasjon er kanskje litt vanskelig? Årets forsker ligger kanskje litt langt fram i tid. Hm... og forbedringsprisen kan du jo ikke få, for det er jo ingenting å forbedre med deg - du er jo perfekt... så, jeg tenker... Neste år: årets homo, så kultur, så politikk, og deretter forsker?

Anonymous said...

Årets homobloggar?

Anonymous said...

Til lukke med prisen og æra og alt som måtte kom med denne tittelen. Fortsett det gode arbeidet

Torill Jørgensen Frøise said...

IMS: god plan, men eg skulle gjerne vorte årets organisasjon og!!

Lars: trur rolla er oppteken ;)

Hall:takk. æra er ikkje mi, men alle dei som stemte på meg.