Wednesday, November 19, 2008

Huset

Heilt sidan vi flytta inn i Huset for omlag eit år sidan har vi visst at det elektriske anlegget har personlegdom. I det siste har imidlertid denne personlegdomen vorte noko vel kontrollerande. Jovisst, vi skifta minst 2 sikringer pr veke den fyrste tida vi budde i huset óg, men no har vi jo lært at vi ikkje kan ha det varmt (dvs over 19 grader) og vaske klede samstundes. Dei siste dagane har altså det elektriske anlegget vore ganske så ampert, rett og slett. Det har gløda og blinka og gnistra i huset. Det kan minna om ein form for bipolar liding.

I går var Synnøve heime fordi ho hadde feber og vond hals. Då viste anlegget seg verkeleg frå si flotte side. Eller kanskje det er slik kvar dag, berre at vi ikkje merkar det. Uansett; etter å ha skifta x antal sikringar x antal gonger (og kjørt x antall gonger til butikken for å kjøpe nye) fann ho ut at dette gjekk ikkje an. Derfor ringte ho til elektrikervakta. Eg visste ikkje at det fans noko slik. Tilfella ville det slik at det var mannen til hennar arbeidskollega som var på vakt. Han fann ut at vi budde i ei brannfelle. Det ER rett og slett ikkje naturleg at det slår gnistar når vi skiftar sikring (og heller ikkje at vi må skifte så ofte). Svidd leidining er visst heller ikkje så bra. Tydeligvis kunne det vorte brann i huset, og det er jo ikkje så veldig lurt.

Etter langt om lenge og lenger enn langt fekk han fiksa det, og litt etter litt kraup temperaturen i huset opp igjen på normalt nivå. Eg var så heldig at eg var i møte til ca 21, så eg fekk ikkje opplevd alt.

Det skal seiast; Synnøve kan det der med å bruke sjukedagane sine godt! I tillegg til dette henta ho óg katten frå dyrlegen. No er han, eh... HO den tøffaste katten i Småvika med tatovering og koolt arr!


2 comments:

Jannicke said...

Ha ha ha! Det var min mann, og Synnøve laget kjempefin sang til ham etterpå:) Det er ikkje den ting ikkje Synnøve kan lage sang om:)

Torill Jørgensen Frøise said...

eg veit. og likevel liker ho ikkje Sigvart ;D