Wednesday, November 05, 2008

1. desember - Verdas aidsdag

Eg føler at det er på tide å byrje å markadsføre den viktigaste hendinga i året, nemleg Verdas aidsdag (VAD).  I Bergen skal dagen markerast med stand på Festplassen (ikkje Torgalmenningen som før annonsert), appellar, fakkeltog og ikkje minst solidaritetsgudsteneste med Sigvart Dagsland. Arrangørar er LLH Bergen og Hordaland, Skeiv Ungdom Bergen og Hordaland, Kirkens bymisjon og Aktivt valg.

Tema for dagen i år som i fjor er "Ta ansvar - vis leiarskap!"  Eg har tenkt litt på kva som ligg i dette. For det fyrste skal ein ta ansvar for eigne handlingar, og opptre på ein slik måte at ein tek vare på seg sjølv og andre. Vi skal óg vise ansvar for hiv- og aidsramma og deira pårørande. Vise medkjensle. Bry oss om. Vere medmenneske. Rett og slett. 

Uansett; dette er ei viktig markering! Møt opp på Festplassen frå rundt 16. Fakkeltoget faklar i veg etter appellane som startar ca kl 18.00 før vi endar opp i Korskyrkja. Vil du bidra til dagen? Ta kontakt med meg så har vi garantert noko du kan hjelpe til med! 

Men fyrst og fremst er det viktig at alle spreier ordet slik at vi blir mange som viser at dette er noko som igjen må på den politiske agendaen! 

No comments: