Wednesday, September 03, 2008

Om stamkafeen min


Café Capello. Skostredet 14.


Nokre av lesarane mine har kanskje høyrt om stamkafeen min, ikkje så mange veit at eg ikkje hadde vore der før eg begynte å kalle han stamkafé. Det verkar sikkert rart, men eg visste med ein gong eg høyrde namnet at dette kom til å bli ein stad eg kom til å oppsøka ofte. Kanskje oftare i tankane enn at eg verkeleg sat der, men dog.



I dag var endeleg dagen. Dagen då eg skulle ha mitt fyrste møte med denne fantastiske lille kafeen. Den var minst like fantastisk som eg hadde håpa. Eg ser for meg sommardagar med milkshake. Haustettermiddagar med pannekaker med diverse fyll. Og vinterdagar med brettspel. Alt sjølsagt akkompagnert med ein eller annan kaffidrikk. Og gjerne godt selskap. Det er vel i alle fall ein fordel dersom ein skal spele brettspel.



No er ballen kasta. Kven blir nestemann som vil bli med meg på stamkafeen min? Eg går sjølvsagt bort til disken og seier: "eg skal ha det vanlege!" akkurat som i dag. Jepp, dette ser ut til å bli eit fint forhold! :)



Kafeen har diverre ikkje noko webside, men besøk gjerne facebooksida.

Og ja, eg blir med deg dersom du skal dit!!



PS!

Er det tilfeldig at det er R.E.M.-vorspiel der i morgon? Neppe!

Er det tilfeldig at dei serverer pannekaker på den måten eg likar? Neppe!



No comments: