Wednesday, September 03, 2008

Og så du, min son Brutus!

Eg har sant og seie alltid vore særs nøgd med Netcom, og tenkt at eg aldri skulle skifta leverandør. Heilt til no. For omlag ei tid tilbake byrja ting å gnissa litt. Eg mottok nokre av meldingane som blei sendt til meg, og fekk sendt nokre av dei som blei sendt. "Tulle-telefon!" tenkte eg. Det gjekk ei stund til, og problema tiltok. Til slutt gjekk eg til det skrittet og investerte i ein ny telefon, den hippe og fancy Nokia 1200. Det gjekk bra. Nokre få dagar. Så starta problema opp att. Eg må slå av telefonen med jevne mellomrom for å få sendt sms. Usikker på om eg mottek alle. Kanskje akkurat DU har sendt meg ei spennande tekstmelding?

Uansett. Eg ringer Netcom. Dei sjekkar. Etter lang ventetid, og dårleg pausemusikk (Netcom har faktisk kun EIN song som dei spelar på repeat!) får eg snakke med ein konsulent. Som antageleg er ein student som eigentleg ikkje har peiling. Eg får høyre at eg har eit gamalt SIM-kort, og skal få eit nytt. "Flott!" tenkjer eg. Tida går, det kjem ikkje noko SIM-kort. Eg ringjer igjen. No er det så mange i kø at eg må ringe opp att ein annan gong. Prøver nok ein gong. Får høyre på ventesongen til Netcom i 10 minutt før eg endeleg får prate med, la oss kalle han, Dan. Han kan ikkje sjå om nokon har sendt SIM-kortet mitt. Det KAN hende, men det kan og hende at det ikkje er sendt. Det veit han ikkje. Eg forklarer at det er litt kjedeleg å aldri vete om meldingar blir sendt. Han viser lite forståing. Til slutt går han med på å sende eit nytt SIM-kort. Og han skal gå og gjere det no. Med ein gong.

Så no er det berre å vente. Dersom eg ikkje får SIM-kortet kjem eg til å gjere noko drastisk. Kanskje skifte leverandør. Then again. Eg VIL ikkje støtte Telenor. Så kjære netcom: send SIM-kortet mitt så eg slepp gå på akkord med mine eigne prinsipp.

TAKK!

No comments: