Saturday, July 26, 2008

Some day my knight will come

(må syngjast).

Har nettopp sett "Batman Begins" og er no veldig klar for "The Dark Knight". Som dei fleste veit vann mitt dårlege immunforsvar over TDK i går, men eg er ganske så viss på at tables will turn veldig snart. Eigentleg trur eg det var litt meininga, for det er best å ha BB friskt i minne før ein ser oppfylgjaren. Eg blei nok ein gong minna på kor kjekk, ja til og med sexy, Christian Bale er. I følgje Katrine Elida har eg ikkje uttale rett på menn (trass ho veit eg har god smak), men eg bryr meg ikkje så mykje. Det eg bryr meg om, imidlertid, er at eg nok kjem til å sjå den myrke riddaren på kino meir enn ein gong. Dette til trass for at det er mange filmar eg skal sjå i haust. Og fleire av dei skal eg og prøve å få sett fleire gonger. Når det i tillegg er BIFF medio oktober skjønar dei fleste at det blir ein travel, men akk så fin, filmhaust for min del.

Jepp jepp, no kan riddaren kome!

Her er eit utdrag frå "Batman Begins" for dei som anten ikkje har sett den, eller vil friska opp minnet.

No comments: