Friday, July 25, 2008

Eg har ein date med TDK


"TDK?" tenkjer du sikkert no, "er ikkje det eit firma innen elektroteknisk industri? Er ikkje TDK er kjelda til alt frå elektroniske komponentar, kassettband, materialar og straumforsyning til fabrikkautomasjonsystemer, anechoic chambers og slik? Korleis kan du gå på date med eit heilt selskap?"

Eventuelt tenkjer du at forklaringa på kva TDK er kjem snart, og du som tenkjer det har sjølsagt heilt rett. TDK står for "The Dark Knight", som er oppfølgjaren til "Batman Begins". Eg var ei stund i tvil om eg skulle sjå den i dag sidan eg er litt småsjuk, men ønskjet om å sjå filmen vann til slutt. Akkurat som eg er sikker på at Batman kjem til å gjere. Når eg så hadde bestemd meg for å sjå filmen måtte eg lage meg eit par jakkemerke (også kalla buttons), som du kan sjå oppe i høgre hjørne. Dersom du les dette på facebook finn du biletet oppe.

Eg gler meg til ein strålande Christian Bale, ei slåande vakker Maggie Gyllenhaal og ein tøff
Heath Ledger. Det kan jo ikkje bli anna enn suksess. Eg gler meg, angrar berre litt på at eg ikkje såg "Batman Begins" i går, men eg får gjere det før eg skal sjå TDK neste gong.

Wiiiii :)

Redigert kl 14.10: Diverre var det ikkje meininga at eg skulle sjå TDK i dag. No har eg vorte litt mindre frisk att, og med hovudpine, rennande auge og hosting utset eg daten. Sete 10 på rad 10 på 15.30 førestillinga kjem til å stå tomt.

No comments: