I går held Øyvind Benestad og gjengen folkemøte på Festplassen mot den nye felles ekteskapslova.
Dette var den siste markeringa dei skal ha før lova skal vedtakast. Eg er så glad dei valde seg Bergen. Heldigvis var været på vår side, det hølja til tider ned samt at det var kraftig vind.
LLH Bergen/Hordaland hadde tatt initiativ til ei markering mot dette. Vi kan ikkje finna oss i at ei marginalisert gruppe meiner at vår kjærleik (i beste tilfelle) ikkje er like mykje verdt som deira, eller at vi ikkje eigner oss som foreldre. Vi valde å visa dette ved å ha ei stille markering der vi vendte dei ryggen. Ingen roping eller buing. Vi veit jo innerst inne at vi har vunne kampen, og dei har tapt. Argumenta deira var ikkje hardtslåande, men likevel "gode" nok til å overbevisa ein som i utgangspunktet meiner at vi er syndarar.
Desse menneska har før argumentert med at dersom vi "får det som vi vil" så kjem samfunnet til å bryta saman. Dersom alle kan gifta seg med kven dei vil blir alt kaos. Nina Karin Monsen kunne t.d. koma med skrekkscenariet der to heterofile kvinner gifta seg. "For når den nye loven kommer er det jo ingen som sjekker hvilken leging du har!" sa hun med skjelvende stemme. Da hadde eg veldig lyst til å gå og fortelje ho at det opp gjennom tidene har funne stad ekteskap av ulike kombinasjonar av legningar. Kor mange homofile har ikkje gått inn i eit heterofilt ekteskap fordi samfunnet forventar det, eller av frykt for å elska? Det er ikkje slik at det i dag er ein gaydar som slær ut dersom ein homofil mann giftar seg med ei heterofil kvinne. Faktisk. På sikt kjem vi óg til å inngå ekteskap med fleire enn to personar. Dette óg i fylgje den same Monsen. Kva er det som gjer at ei kvinne som er utdanna ved eit universitet (no veit eg mange tenkjer sitt) faktisk ikkje fattar at det ikkje er dét det er snakk om.
Regnet øsa ned, og vi held ut. Dei musikalske innslaga var sjølvsagt kristne songer. Den eine songen har eg hatt eit nært forhald til, så eg prøvde å lata att øyrene. Då alle talene var ferdige skulle dei gå marsj rundt Lille L.gårdsvann. Vi stilte oss opp, med ryggen mot dei. Nokre av Benestads vener gjekk framføre oss med plakatane sine. Som om vi da kom til å seie: "Åh! Har born krav på mor og far? Oookei! Men då blir eg med på dykkar lag!" Skal innrømma at det var litt tøft å stå der og vete at hundrevis av menneske som ikkje aksepterer meg for den eg er gjekk bak ryggen min. Kva dei tenkte veit eg ikkje. Ein liten gut spurde far sin: "Pappa, hva betyr det flagget?" Faren svarte sjølvsagt ikkje. Dei heterofile kritiserar oss for å ta med våre born på skeive dagar. Kva med dei? Kva er det med menneske som lærer sine born at nokre av oss er mindre verdt??!!
Då marsjen var ferdig byrja vi å pakke saman flagga våre. Men kven kom der? Jau, sjølvaste statssekretær Kjell Erik Øie. Han hadde tilfeldigvis sett regnbogeflagga og hoppa av bussen. Tilfeldig? Ja, særleg... :)
I morgon skal altså ny felles ekteskapslov opp i Stortinget. Dvs vi kan ikkje sprette champagnen heilt, for sidan det er eit lovforslag skal det opp i Lagtinget óg, men det er kun ein formalitet. Vi får ei ny lov, ei lov som gjev homofile like rettar som heterofile. Då vil vi endeleg få adgang til å bli vurdert som adoptivforeldre, , mogleik til assistert befruktning, automatisk foreldreskap for ikkje-biologisk mor i lesbiske ekteskap etter fødsel ved assistert befruktning og at det opnast for at kyrkje- og trussamfunn får rett til å via lesbiske og homofile.
2 comments:
Det pinligste var nå de som kom bort og sa: " Vi ser dere selv om dere står med ryggen til"
Jeg tror de har misforstått hele demonstrasjonen vår.
De trodde vi stod med ryggen til fordi vi ikke ville vise hvem vi var.
Nei, det er det jeg sier. De er og blir de sløveste knivene i skuffen.
Det var mange vrangforestillinger ute og gikk rundt Lillelungeren i går kveld.
Ja, dei er nå søte! ENDELEG passa det med eit Tor Jonsson-dikt!
Kom susande, seinhaustnatt,
kom ned over jorda og gøym meg,
Kom syngjande, dag, kom att
med glede til andre og gløym meg.
Post a Comment