Friday, May 09, 2008

Det KAN jo ikkje gå bra!

(noko anna som ikkje kunne gå bra var å skrive blogg, alt eg skreiv blei borte)

Altså; det som ikkje kunne gå bra var at eg var hjå frisøren. Som vanleg starta det med "korleis vil du ha det?" Denne gongen sjokkerte eg både meg sjølv og eh...Inger Marie(?) og sa at ho kunne sjå det litt an. Ho sa at ho i alle fall ikkje skulle klyppe mykje. "Fair enough", tenkte eg, "då ser ikkje folk at eg har klypt meg!" Ikkje for det, eg skriv jo alltid blogginnlegg og outar meg sjøl uansett.

Etter ein noko harhendt vask, byrja ho å klyppe. Eller klyppe og klyppe, det verka som om ho skulle ta i kvart eit hårstrå. Det var sikkert det ho meinte med at ho ikkje skulle ta så mykje av det. Så, ut av intet, byrja ho å klyppe mykje meir og raskare. Kva som skjedde her er eg veldig usikker på. Eg held meg likevel i ro og var danna som eg eigentleg plar å vera.

Det verka som om ho var nøgd, for ho fann fram hårskum og slike greier, og utbraut: "Vi må gjere noko med krøllene dine!" "Ja," tenkte eg, "endeleg har nokon eit vidundermiddel som fjernar dei!" Det eg ikkje ante var at ho meinte å framheva krøllene. Sidan det var varmt i salongen bestemde ho seg så for å setja meg under ein hårtørkar. Når blei det feil å bruka fønar? Der sat eg då, og lurte på korleis eg eigentleg såg ut. (eg ser sjølvsagt ikkje i spegelen medan eg er hjå frisøren!). Etter mange og lange minutt var ho endeleg ferdig. Eg fekk betalt og kome meg ut.

Heldigvis hadde eg høyreklokker med meg, for å roa håret litt. No gjenstår det å sjå korleis håret blir etter at eg har dusja i morgon. Satsar på ein lengre prosess enn vanleg.

Dersom nokon kjenner ein hårterapeut kan de henvisa han/henne til meg!

For the record; eg har ikkje krøller! :)

Les også: http://alligatorill.blogspot.com/search?q=fris%C3%B8r

3 comments:

Anonymous said...

jeg sku aldri ha kort glatt hår. bare vent, neste gang har du ei krølltang til prisen av en 14 dagers ferietur, med deg hjem

Anonymous said...

Man må ALDRI gi en ukjent frisør frie tøyler - det er på høyde med ekstremsport! Torill - tøffere enn toget

Anonymous said...

NESTE gang jeg har ei krølltang i det hele tatt, ims, så ... tør ikke tenke tanken engang ;D

Elida: De gjør jo uansett ikke som jeg sier, og jeg kan jo ikke gå til samme frisør to ganger! D'oh!