Friday, April 25, 2008

Det er bevist - igjen!

Som eg skreiv om den 12. mars (og nei IMS, det var faktisk ikkje for å hinta om bursdagen min. Du tok dog hintet som ikkje var der!) trur eg ikkje på at ting skjer utan at det er ei meining med det. Nok ein gong skjedde det noko som berre stadfester dette. Vi hadde vore på IKEA. Ja, sant nok. Det er alltid ein grunn til at ein er på IKEA, men ein får ofte med seg litt meir enn det som er grunnen derifrå. No var det vitterleg ikkje det eg skulle fortelja om. Det er sjølvsagt heller ikkje tilfeldig at eg fortel det, det er kanskje for å hinta om at vi no har tre overnattingsplassar. Det er kanskje einkvan som føler seg kalla til å koma på overnatting?

No var det som sagt ikkje IKEA eg skulle skriva om i dag. Kvar var eg? Åh ja. Vi kom heim etter å ha vore på ein handletur på ein butikk (vel å ikkje skriva namnet på butikken slik at ingen trur eg hintar om noko), og eg kom inn døra. Sidan vi hadde vore på-butikken-som-eg-ikkje-skal-nemne hadde vi kjøpt litt meir enn vi trengde. Dog ikkje så mykje meir, ikkje så mykje ein plar. Likevel hadde eg hendene fulle, og måtte la iPoden henga rundt halsen. Det som måtte (og skulle) skje skjedde, poden fell i golvet. Heldigvis blei den ikkje skada. Den slo seg imidlertid på, og songen som kom på var "Breda dina vingar" med Sigvart. TRENG eg å seie meir?!?

No comments: