Friday, March 14, 2008

Manglar du spennande lesestoff i påska?


...då har eg eit tips. Ot.prp. nr. 33 (2007-2008) fra Barne- og likestillingsdepartementet, betre kjend som Om lov om endringer i ekteskapsloven, barnelova, adopsjonsloven, bioteknologiloven mv., og endå betre kjend som ny felles ­ekteskapslov har nok blitt levert til Stortinget.

Det gledelege er at fleirtalet er for både adopsjon, adgang til assistert befruktning, automatisk foreldreskap for ikkje-biologisk mor i lesbiske ekteskap etter fødsel ved assistert befruktning og at det opnast for at kyrkje- og trussamfunn får rett til å via lesbiske og homofile. Det som er litt trist er at Liv Signe og Maghild tok ut dissens på punktet om kunstig befruktning.

Uansett, forslaget som ligg er godt, og svarar så vidt eg kan sjå til det eg såg for meg. Eg er glad dei var tøffe nok til å innstilla som dei har gjort! Eg har ikkje fått tid til å finlesa det, men skal gjera det i løpet av påska.

Linken til proposisjonen finn du her.

No comments: