Showing posts with label Nina Karin Monsen. Show all posts
Showing posts with label Nina Karin Monsen. Show all posts

Wednesday, May 06, 2009

Paraplyplakatprotest!

For ei veke sidan blei eg kontakta av Tale som spurde om eg og LLH Bgh ville vere med å arrangere ein protestaksjon mot at Nina Karin Monsen skulle bli tildelt Fritt ord-prisen. "Det er eit veldig godt initiativ," sa eg, "men eg trur diverre ikkje eg har kapasitet." Og det hadde eg heller ikkje. Vi avgjorde at UgleZ, som er ei skeiv studentgruppe i Bergen, skulle ta dette på seg, og eg skulle vere ressursperson. Etterkvart som tida gjekk (okei, det kan vel ikkje kallast "tid", la oss heller kalle det timar) fann eg ut at eg måtte omprioritere tida mi for å få plass til dette! For ja, dette er ei sak som har engasjert meg.

Heldigvis gjorde Tale og UgleZ ein god jobb, og oppretta ein hendelse på facebook, der ein etterkvart fekk oppmot 90 som sa dei ville koma. Eg turde ikkje heilt å tru på at det skulle kome så mange, men i følge homobergen.no var det over hundre på plass.

Sunniva frå Raudt heldt ein flott appell, medan eg som vanleg held megafonen. Eg byrjer etterkvart å bli ein erfaren magafonhaldar. Eg fekk óg den udelte gleda av å vere konfransiér og introdusere innslaga. Som var: allsong, appell og allsong i regnet. Og i haglveret. Den fyrste songen var "Til ungdommen". Frå der eg stod høyres det ut som om vi song veldig vakkert, og du skal ikkje sjå bort i frå at eg blei aldri så lite rørt heller (og dei som kjenner meg veit jo at det skal mykje til!). Song nr 2 "We shall overcome", var nok litt meir tricky, men vi kom oss då gjennom den og, sjølv om eg etterkvart sa at vi hoppa til siste vers.

Vi fekk til og med besøk av media, BT/BTv tok pressemeldinga på alvor og møtte opp for å vise at vi og i Nina Karin Monsen sin heimby ville vise vår motstand mot prisutdelinga.

Ein stor takk går til alle som møtte opp, og spesielt til Ida som plutseleg blei fotograf. Takk! Takk og til dei som held plakatar for å vise kven vi var, og kvifor vi var der. Og sjølvsagt takk til Sunniva for appellen! Det var ei flott markering, og det gjer at eg får lyst til å arrangere meir i løpet av året. Og det skal ein ikkje sjå bort i frå at vi kjem til å gjerre.

No ser eg på nyhenda at Nina Karin Monsen kallar sine motstandarar, altså oss, dårlege vinnarar. "Når man blir såret skal man sette seg ned og tenke, da går det kanskje over!" seier ho. Underforstått; "ikkje konfronter meg med mine eigne utsagn, for eg klarar ikkje å forsvare dei!" Det er fint at ho etterpå fortel om kor såra ho har vorte i det siste. Klarar ho verkeleg ikkje å skilje dette at ho, som ein offentleg person diskriminerer ei heil gruppe, medan vi tek til motmæle for å forsvare oss? Kva skjer med 14-åringen som frå før er usikker på om ho verkeleg er skeiv, når ho les det Monsen les? Og kva skjer med born av homofile som les at dei ikkje kan rekne sine mødre eller fedre som ekte familie.

Thursday, April 16, 2009

For ein kvar pris?

Då eg fekk vete at Nina Karin Monsen hadde vorte tildelt Fritt ord-prisen blei eg litt uvel. Framleis kjenner eg at eg er uroleg i kroppen og kjenner lysta til å gå i eit lite demonstrasjonstog heilt for meg sjølv. Enkelte hugser kanskje at vi, LLH Bergen og Hordaland, tidleg i år prøvde å gi den same Monsen ein pris, ein pris som ho nekta å ta i mot. Det blir spennande å sjå om ho tek i mot denne prisen.

Av og til kan det nesten vere plagsomt å engasjere seg!

Les meir om:
Nina Karin Monsen sine skriverier
Fritt ord-prisen
LLH Bergen og Hordaland uttalar seg om saka
Prisen Nina Karin Monsen ikkje ville ha

Tuesday, June 10, 2008

Sjå deg ikkje attende!

I går held Øyvind Benestad og gjengen folkemøte på Festplassen mot den nye felles ekteskapslova.
Dette var den siste markeringa dei skal ha før lova skal vedtakast. Eg er så glad dei valde seg Bergen. Heldigvis var været på vår side, det hølja til tider ned samt at det var kraftig vind.

LLH Bergen/Hordaland hadde tatt initiativ til ei markering mot dette. Vi kan ikkje finna oss i at ei marginalisert gruppe meiner at vår kjærleik
(i beste tilfelle) ikkje er like mykje verdt som deira, eller at vi ikkje eigner oss som foreldre. Vi valde å visa dette ved å ha ei stille markering der vi vendte dei ryggen. Ingen roping eller buing. Vi veit jo innerst inne at vi har vunne kampen, og dei har tapt. Argumenta deira var ikkje hardtslåande, men likevel "gode" nok til å overbevisa ein som i utgangspunktet meiner at vi er syndarar.

Desse menneska har før argumentert med at dersom vi "får det som vi vil" så kjem samfunnet til å bryta saman. Dersom alle kan gifta seg med kven dei vil blir alt kaos. Nina Karin Monsen kunne t.d. koma med skrekkscenariet der to heterofile kvinner gifta seg. "For når den nye loven kommer er det jo ingen som sjekker hvilken leging du har!" sa hun med skjelvende stemme. Da hadde eg veldig lyst til å gå og fortelje ho at det opp gjennom tidene har funne stad ekteskap av ulike kombinasjonar av legningar. Kor mange homofile har ikkje gått inn i eit heterofilt ekteskap fordi samfunnet forventar det, eller av frykt for å elska? Det er ikkje slik at det i dag er ein gaydar som slær ut dersom ein homofil mann giftar seg med ei heterofil kvinne. Faktisk. På sikt kjem vi óg til å inngå ekteskap med fleire enn to personar. Dette óg i fylgje den same Monsen. Kva er det som gjer at ei kvinne som er utdanna ved eit universitet (no veit eg mange tenkjer sitt) faktisk ikkje fattar at det ikkje er dét det er snakk om.

Regnet øsa ned, og vi held ut. Dei musikalske innslaga var sjølvsagt kristne songer. Den eine songen har eg hatt eit nært forhald til, så eg prøvde å lata att øyrene. Då alle talene var ferdige skulle dei gå marsj rundt Lille L.gårdsvann. Vi stilte oss opp, med ryggen mot dei. Nokre av Benestads vener gjekk framføre oss med plakatane sine. Som om vi da kom til å seie: "Åh! Har born krav på mor og far? Oookei! Men då blir eg med på dykkar lag!" Skal innrømma at det var litt tøft å stå der og vete at hundrevis av menneske som ikkje aksepterer meg for den eg er gjekk bak ryggen min. Kva dei tenkte veit eg ikkje. Ein liten gut spurde far sin: "Pappa, hva betyr det flagget?" Faren svarte sjølvsagt ikkje. Dei heterofile kritiserar oss for å ta med våre born på skeive dagar. Kva med dei? Kva er det med menneske som lærer sine born at nokre av oss er mindre verdt??!!



Då marsjen var ferdig byrja vi å pakke saman flagga våre. Men kven kom der? Jau, sjølvaste statssekretær Kjell Erik Øie. Han hadde tilfeldigvis sett regnbogeflagga og hoppa av bussen. Tilfeldig? Ja, særleg... :)



I morgon skal altså ny felles ekteskapslov opp i Stortinget. Dvs vi kan ikkje sprette champagnen heilt, for sidan det er eit lovforslag skal det opp i Lagtinget óg, men det er kun ein formalitet. Vi får ei ny lov, ei lov som gjev homofile like rettar som heterofile. Då vil vi endeleg få adgang til å bli vurdert som adoptivforeldre, , mogleik til assistert befruktning, automatisk foreldreskap for ikkje-biologisk mor i lesbiske ekteskap etter fødsel ved assistert befruktning og at det opnast for at kyrkje- og trussamfunn får rett til å via lesbiske og homofile.