skyt meg i venstre arm, og eg skal kalle såret solidaritet
skyt meg i høgre arm, og eg skal kalle arret samhald
skyt meg i kjeven, og eg skal heve røysta mi
skyt meg i kneet, og eg skal reise meg igjen
skyt meg i hofta, og eg skal løpe raskare
skyt meg i brystet, og eg skal jobbe mot all urett
skyt meg i auget, og eg skal sjå verda klarare
skyt meg i øyret, og eg skal høre dei nye røystene synge
skyt meg i hjartet, og eg skal rope: vår kjærleik lever
(Frode Grytten)
No comments:
Post a Comment