Tuesday, January 31, 2012

Nynorskkristenhomo

Sleng på "-jævel" bak der, så har vi eit retteleg skjellsord. Noko nokon fint kunne slenge etter meg på skulegarden eller på bussen. Ja, for det er eg. Ein trippelminioritet. Det er min identitet. Eg skriv nynorsk, eg er kristen og eg er homo.

Dette blogginnlegget kan sjåast på som eit svar på dette: Nynorskdebattinnlegg i Morgenbladet eller du kan sjå på det som eit frittsåtande innlegg. Håpar det står på eigne bein.

Javel. Kva er de eigentleg som definerer meg mest som menneske? Nynorsk? Nja. Kva seier statistikken om dette? Finns det eigentleg noko statistisk materiale på kor mange som brukar det som eit skjellsord? Korleis står det eigentleg til med nynorskungdommens psykiske helse? Var det kanskje difor Tor Jonsson valde å avslutte livet sitt tidleg? Fordi han skreiv nynorsk og ikkje klarte å innfinne seg med dette? Når fann han eigentleg ut at han hadde ein hang til dette?

Eller kanskje det er det at eg er kristen? Eg skal innrømme at det er noko som ikkje alltid har vore så enkelt. Det er ikkje i alle situasjonar i livet det er like koolt å seie at ein er kristen. Det har vore situasjonar eg har fornekta trua, for meg sjølv og andre, og det har vore kampar for å finne attende. For å finne den trua som passa for meg. Som var skreddarsydd. Eg strevar framleis litt med syinga, men ein blir tryggare.

Så var det homofilien. Kan dette vere så farleg? Dreier det seg ikkje berre om at ein liker same kjønn i staden for det motsette? What´s the big deal, som dei seier på nynorsk? Kjærleik er kjærleik(og sex er sex), uansett! Men, for det er eit men. Det tek lang tid for mange av oss. Samfunnet er ikkje så godtakande som ein skulle ønskje. Det er ein grunn til at sjølvsmordsrata blant lhbt-personar er signifikant høgare enn blant heterofile. Og at fleire har psykiske problem.

Kva er så resultatet av dette? Jau. Nynorsken har aldri vore eit problem for meg. Eg har jamvel nytt godt av det sidan eg valgde bokmål som hovudmål frå 2. året på vidaregåande. Eg har aldri opplevd å bli mobba eller plaga pga dette, og eg har heller ikkje mista nattesøvnen av det. Det har vore lite sjølvbebreiding fordi eg brukte nynorsk. For meg er heller ikkje nynorsken ein identitetsbyggjar, det er eit skriftspråk som eg liker å bruke.

Det som har vore definerande for kven eg er og har vorte er at eg er kristen og homofil. I kombinasjon. Eg har opp gjennom bytt på å vere i skåpet, ein dag som kristen og ein dag som homo. Kristenhomo eller homokristen er i mange tilfelle mykje vanskelegare enn berre ein av delane. Eller det var mykje vanskelegare. No er eg sikker på at eg aldri kan bli hetero og at eg aldri kan avkristnast. Likevel er det situasjonar der ein føler seg litt fram. Kanskje eg ikkje skal seie noko om det. Det er ikkje så viktig. Det er jo naturleg at folk ikkje syns det er heilt normalt at eg er homo eller kristen. Eller kristenhomo/homokristen.

Og så veit eg at dei tek feil. Det er meg. Slik er eg. Det er dette som definerer meg. Denne gongen på nynorsk. Ein annan gong kanskje på bokmål. Eller engelsk.

No comments: