Tuesday, August 23, 2011

Eg er djupt såra og vonbroten!

...dette sa dåverande kirke- og undervisningsminister Kjell Bondevik frå KrF i samband med at Borten-regjeringa gjekk av i 1971. Det same seier eg i dag, etter at KrF sin fylkesleiar i Oslo, Haakon Brænden, uttala i eit blogginnlegg at "Mange homofile ønsker hjelp til å bli heterofile".  Kva kan dette gjere med sjølvkjensla til ein ung - eller ikkje fullt så ung - nyutsprungen homofil? Kva med unge, konservative kristne som har blitt oppdratt til å tenkje at homofili er synd? Dette vil kunne vere med på å gje dei større tru på at det er rett, og meir mot til å gå ut og seie det.

Han har rett nok trukke si uttaling no, men får støtte frå leder i Sarpsborg KrF. Dei bruker same argumentasjon som feks Jan Åge Torp har brukt i fleire tiår. At homofili er "populært" og at flere har klart å endre legning. Dette er, i følge henne, en sak det blir lagt lokk på.

Dersom det hadde vore slik, at ein kunne skifta legning, så trur eg at mange av oss ein gong i ungdommen hadde gjort det. Gud (!) skal vete at mange har bedt om det, og håpt ein skulle bli kvitt desse kjenslene. Vi veit også at det kan ein ikkje bli, og heldigvis går det bra for dei fleste. Vi finn ut at kjærleiken er størst! Eg syns det er trist at dei som prøver å gjere vegen fram dit vanskeleg og kronglete.

Heldigvis finns det, også i KrF fornuftige menneske, som feks Gaute Brækken. Så, for å avslutte med eit anna Bondevik-sitat; "Det er von i hengande snøre". Også for KrF!







No comments: