Tuesday, January 04, 2011

Nytt år - nye blogginnlegg

Dette er jo litt for ille, eg har ikkje blogga på over ein månad. Eg kjem aldri til å kome opp på Regnboga sitt nivå i antall blogginnlegg, men eg kan no bli betre enn eg har vore. Jepp.

Kva skal eg så fortelle om? Jula? Nja, føler at den er godt gjenfortalt både på facebook og i andre bøker. Nyttårsaften? Der har eg vel også gjort greit rede for kva som har skjedd via den førnemnte facebook.

MEN...eg kan skrive litt om noko eg gleder meg til. I mai skal vi ha Homodager i Bergen igjen; og då skal vi blant anna ha ein mini filmfestival. Og gjett kven som snart skal sette seg ned og finne ut kva filmer som skal visast der!? Sjølvsagt skal dei andre i komiteen få vere med å bestemme, men det kan nok hende eg velgjer filmene dei kan velgje i med omhu ;)

Har DU forslag til filmar som du meiner bør vere med på festivalen?

5 comments:

Isabel said...

Nei, Regnboga er heilt rå på denne blogginga! :D Vil berre seie at eg eigentleg hadde litt å gjere i morgon, men sov vekk heile dagen og utsatte alt. Så i går tok eg berre att blogging som eg burde blogga for lenge sidan! :D

Isabel said...

i morgon er eigentleg i går. eg har tydelegvis framleis juleferie.

Torill Jørgensen Frøise said...

ikkje rart du er (in-)effektiv med den måten å benevne dagane på! :D

jazzyhal said...

gler meg til meir Alligatorillblogging i 2011. Viktig informasjonskanal frå vestlandet.

Torill Jørgensen Frøise said...

ah...det er slike kommentarar som gjer at eg får lyst til å blogge meir, om viktige ting! :D