Wednesday, November 24, 2010

Kjekt med nye venskap!

Det er fint å sjå at vår ven Nina Karin Monsen har fått seg ein ny ven. Det eg siktar til her er at ein prest i DELK vil oppmode folk om å vere sambuarar istaden for å gifte seg, sidan han meiner at den nye ekteskapslova har tatt litt av sjarmen med det å gifte seg. Dette er jo sjølvsagt Nina Karin heilt einig i. Ho har trass alt gått til rettssak mot staten for dette.

I følge BT kan ho "ikke under noen omstendigheter anbefale noen å gifte seg med den nye ekteskapsloven." Nei, la oss inderleg ikkje håpe det. Den dagen det blir tillate å gifte seg med ei lov tek eg ut skillsmisse. Då er mitt ekteskap lite verdt. Eg er glad for at ho har dette standpunktet, spesielt fordi Camilla meiner eg er ein lovproposisjon ;)

Som vanleg når det er slike saker i nettavisene kjem det mange meir eller mindre interessante kommentarar. Eg trur denne er den beste til no.
"Jeg tror ikke at folk er klar over hvor mye makt noen få homser i regjeringsappartet egentlig har.
Flere har sagt at på sikt er deres mål å ødelegge ekteskapet. "

Som vanleg er alt den raud-grøne regjeringa si skuld, og ja, eg vil tru at målet til dei fleste er å øydeleggje ekteskapet. Og ikkje berre dei som er i regjeringsapparatet, men alle vi andre også!

Vil du lese saka? Okey då:
http://www.bt.no/nyheter/innenriks/Kirke-vil-be-folk-bli-samboere-1199720.html

No comments: