Saturday, October 23, 2010

Det KUNNE vore deg...

...nei, la oss vere ærlege, det kunne det ikkje! Dette er vel i grunnen slik kun eg klarer. Så ja, eg måtte jo skrive eit blogginnlegg om det. Visse ting kan ein ikkje halde for seg sjølv, eller vente til Synnøve skriv om det. Men ja, altså. Dette er det som skjedde:

Eg er på BIFF med Tine, og vi har sett to filmar. I pausa mellom dei to et vi falafel og salat. Tine fann nemleg ut sist ho var i Oslo at det ikkje er nødvendig med lefse til falafelen. Eg bestiller det same som ho (dette har INGENTING med historia å gjere!). Synnøve er heime, men skal snart på fest. Klokka går mot ni, og då starter den siste filmen viskal sjå i dag "8 - the mormon proposition". Vi finn oss plassar, og eg begynner å tenkje. "Hm...det er liksom noko eg har gløymt, men kva?" Filmen startar, og då kjem eg på det. Nøkkelen til huset!

Ute sluddar det, Vilde er ikkje heime. "Jaja," tenkjer eg "naboen har jo nøkkel." Eg tenkjer ikkje så mykje på det i løpet av filmen. Som forøvrig er veldig bra! Veldig mykje gåsehud, frysningar og nokre tårer. Heldigvis er eg dog tøff! Filmen er slutt, og eg sender ei diskret melding til Synnøve, vil jo ikkje lage noko stort ut av dette. Oups, naboane HAR ikkje nøkkel lenger. Det er dog overbygg over inngangspartiet heime, så eg tenkjer at eg kan stå der til Synnøve kjem heim.
Så får eg melding frå Synnøve (vi har nå sett oss i den søte el-bilen til Tine, for bussen min går om ein halvtime), og så ringer Synnøve. Naboen har ikkje nøkkel, så kva skal eg gjere då? Heldigvis er Synnøve smart og flink, ho seier ho kan spørre far sin på Sotra om han kan kjøre ut med ein nøkkel. Og for å gjere ei lang historie ...halvlang; det vil han.

Så eg tek bussen heim, går heim i regnet, og DER ligg nøkkelen! TAKK! Eg har verdas beste kjæreste/kone! :) Og det var veldig snilt av han på Sotra å kjøre ein tur ein fredagskveld!

Og NO skal eg sjå på Sigvart som har vore i "Nytt på nytt" :)

YEAH!

No comments: