Wednesday, September 01, 2010

Alt til si tid

Eg veit ikkje kvifor eg utset meg for slik, men det kan vere fordi det i blant er nødvendig. Det er vikitg å stå ansikt til ansikt med det ein fryktar mest, spesielt når ein har drøymt om det, tenkt på det på bussen og grubla og lurt. Det var ikkje vits å vente, eg måtte berre bestille time hjå frisøren! Sjølvsagt ikkje ein eg hadde vore hjå før, det er ein grunn til at eg velger å bu i (nærleiken av) ein stor by. Heldigvis fekk eg time på dagen, viktig å sleppe å vente så lenge og måtte grue seg!

Etter å ha gått litt rundt for å prøve å finne frisøren fann eg den til slutt. Dei hadde sjølvsagt flytta utan å skrive det på nettsida. Fint at eg alltid er ute i god tid. Elles hadde eg sjølvsagt også ei historie til dei om kvifor eg ikkje møtte opp! Men eg var der. Det var berre å vente!

Til slutt var frisøren min ledig. Ho var frå Sogn og Fjordane, og hadde ein ganske behageleg og lite pshycho framtreden. Ved fyrste augekast. Faktisk høyrde ho på det eg hadde å si, og eg tenkte "Hey! Ho har faktisk fått med seg frisørpsykologien!" Så skulle vi gå og vaske håret. Stolen såg heilt normal ut, eg skulle til å bøye meg attende, men neida... den var elektrisk. Og sjølvsagt MED massasje. Jaja, eg liker jo ikkje slik, men det tek jo ikkje så lang tid å vaske håret. Tenkte eg. Etter litt voldsom hodemassasje under vaskinga spurde ho om ho skulle ta ein hårkur på meg. Før eg rakk å svare var ho i gong. Denne gongen føltes det som om ho skulle stikke fingrane gjennom hodebunnen. Eg håper for all del at denne dama ikkje er frisør for nyfødte!! Så måtte eg sjølvsagt sitte ei stund med hårkuren. Eg merka at massasjestolen hadde gjort sitt, men kunne jo ikkje slå den av. Frisøren gjekk ut, og der sat eg. Og venta på at noko skulle skje. Kom det snart til å kome gass ut gjennom ventilane i rommet? Kvifor kom ingen andre inn? Kvifor stod det eit hode på ein påle i same rom? "Oj! det var nok hennar siste offer!" tenkte eg.


Eg burde kanskje ha flykta, men det var litt for skummelt. Kunne hende alle stod utanfor døra og var klar til å stoppe meg om eg prøvde. Frisøren kom inn att. Ho måtte visst utføre litt meir dødsmassasje. Denne gongen også nakke og skuldre. Øhm... har eg hår på skuldrene? Det TRUR eg ikkje! Endeleg slapp eg ut av skrekkens stol. Og klyppinga kunne kome i gang. Det hadde jo berre gått 20 minutt!
Sjølve klyppinga gjekk ganske greit, sjølv om ho prøvde å klore meg til blods ein del gonger. Samtala gjekk ikkje så bra. Det var nokså einvegs. Eg er kanskje sprø, men eg klarer fint å vere hjå frisøren utan å måtte snakke så mykje. Som vanleg fekk eg lyst til å spørre ho kva HO jobba med. Ho spurde trass alt meg. Det er like gøy kvar gong, for det er jo ingen som veit kva eg gjer. Eingong ikkje eg ;)

Eg blei ferdig, klarte å lure meg unna utan å kjøpe med femti hårprodukt. Ho prøvde å prakke på meg både det eine og det andre. Eg sa at vi hadde masse slik heime. Og ja, det var minst like god kvalitet. Det er litt skremmande at ein blir lystløgnar når ein er hjå frisøren.

Du lurer kanskje på korleis eg vart på håret? Det gjer eg også, har ikkje sjekka ordentleg enda. Alt til si tid!

5 comments:

Anonymous said...

hahaha.. Må ha vært forferdelig å få massasje! Hallo, tenker jeg.. Frisørsalong? Klipp håret, og gi faen i ryggen lissom! Du måtte vel betale ekstra for massasjen? Eg HATER når frisørene begynner å snakke om alt mulig, faktisk så mye at jeg gruer meg til å gå til frisør! Eg e utrolig dårlig på småsnakk...

Pål M

Torill Jørgensen Frøise said...

ja, eg har framleis litt vondt, faktisk! eg er også dårleg på smalltalk, men ho tok ikkje hintet gitt. så no veit ho at eg har vore i Stavanger. at eg jobbar på høgskulen og at eg skulle ha fisk til middag :P

faktisk kom det på under kr 1000,-. ho var litt skummel!

Anonymous said...

Kan tenke meg hun var skummel! Er utrolig dyrt å klippe seg, sykt! Eg betaler vel rundt 400,- for en halvtimes klippesesjon. Hva gjør de da? Joda, de bruker en maskin på siden og bak, så bruker de saksen på resten!

Kanskje jeg kan bruke sånn dings i øret som døve bruker, så kanskje de ikke maser sånn? Ha med meg en lapp hvor det står hvordan jeg vil ha håret mitt??

PM

Anonymous said...

eg ventar spent på bilete av håret ditt, altså

Torill Jørgensen Frøise said...

Alt til si tid, Hal :P