Monday, May 31, 2010

Javelja!

I Vårt land kan vi i dag nok ein gong lese om motstanden mot at barn skal lære at det finns fleire måter å vere familie på. Eg reagerte kanskje mest på uttalelsen frå ektemannen og trebarnsfaren;"Alle har samme verdi, men jeg synes det må være lov å si at noen familieformer fungerer bedre enn andre." Kva veit han eigentleg om det? Kjem min familie til å fungere dårlegare berre fordi det vil vere ein familie med to mødre i staden for ei mor og ein far?

Eg berre spør...

2 comments:

ida said...

de skal vera SKIKKELEG UBRUKELEGE for å utkonkurrera somme av dei "vanlege/normale/naturlege/ (- vel sjølv)" familiane eg har høyrt om... reknar med at de ligg i hardtrening til familielivet med grunnlaus krangling, auka likesæle, bannskap, drykk og dårlege middagar allereie? og korleis har det seg at du framleis er i arbeid, torill? de ligg alt for godt an! skjerpa dekan!

Torill Jørgensen Frøise said...

vi ligg ganske greit at med dårlege middagsvanar, i alle fall i vekedagane. men ser at vi har ein del å gå på når det gjeld drykk, likesæle og grunnlaus krangling. og ja, for ikkje å prate om bannskapen. må oppgradere meg litt, trur eg! veit du kvar ein kan lære slik?