Thursday, February 11, 2010

Stayer-evne eller rein dumskap?

Som dei fleste av mine lesarar veit, gjekk Nina Karin Monsen til sak mot staten saksøkt den norske stat i protest mot den nye ekteskapslova.Ho meinte at hennar (heterofile) ekteskap blei mindre verdt no som homofile kan inngå ekteskap på same måte* som heterofile. Ikkje så lett å sjå logikken til dama, det er jo ikkje slik at det at nokon får same rett som deg fører til at dine rettar blir mindre verdt. Trur kanskje det kallast misunning eller eventuelt dårleg dømekraft, mangel på virkelighetsforståing eller låg terskel for toleranse. Dei fleste av oss skjøner dog at ho gjer dette for å vise at ho slett ikkje vil at homofile skal få gifte seg. Diverre for ho ga ikkje Oslo tingrett ho medhald.

«Etter det retten forstår, ønsker ikke saksøkerne at heterofile og homofile par skal reguleres av samme ekteskapslov. Dette er imidlertid et spørsmål om lovteknikk som lovgiver tar stilling til. Domstolens oppgave er å ta stilling i konkrete rettstvister, jf tvisteloven § 1-1 (1)». fekk ho beskjed om frå tingretten.

Men gir ho seg? NEIDA! No skal ho anke saka. Og la ho gjere det. Kanskje ho får litt meir merksemd rundt sin eigen person. Kanskje er det nokre tilhengjarar der ute på hennar ekstreme fløy som får meir respekt for ho. Vi andre kan vel ikkje anna enn å trekkje på skuldrene. For kva KAN ein si...?


* vel, ikkje heilt same måte. Vi kan framleis ikkje gifte oss i kyrkja, noko svært mange av oss har lyst til.

3 comments:

Isabel said...

ikkje gløym at dette er snakk om ekteskapet ho har skilt seg frå...

Torill Jørgensen Frøise said...

er ho skilt? ojda!

Stian said...

Gledar meg til den dagen Høgsterett slenger samme dom i ansiktet på ho som en våt, kald hanske. Tett etterfulgt av en fin faktura på saksomkostninger. :-)