Friday, January 15, 2010

Sjansespel. Kanskje vi vinn i lotto i helga og?

Eg veit at ein ikkje bør skrive om noko før ein er 100% sikker, men eg tek sjansen likevel! Føler vi er på ein god bølge no. Heldigvis har vi levert to lottokupongar, og det har ikkje skjedd store ulykker i den siste tida (forutan om at eg slo hovudet på bussen, men det er jo slik som skjer i blant. og ja, eg søla ein kaffikopp i dag, men det er OG heilt vanleg. kan kje definere det som ulykke meir.)

Sånn då har eg trukke det ut eit avsnitt, og kan fortelje! Vi skal flytte inn i huset VÅRT! Og det skjer kanskje så tidleg som neste onsdag! Kanskje til og med før! Det er fantastisk, eg er veldig, veldig glad. Det er sjølvsagt kjipt at eg er opptatt kvar kveld +borte på konferanse i helga. Fyrste frikveld er 2. februar. Eg hadde ikkje trudd det skulle gå så fort, vi er jo ikkje vande med at ting går såpass enkelt. Men det GJER ingenting! No skal eg straks ta squash-lasagnen ut av ovnen, og vi skal ete siste helgemiddag på hybelen.

YEAH!

Forøvrig! Stem på dine favorittar på http://www.homobergen.no/?goto=49 :)

No comments: