Monday, January 18, 2010

Golden Globe. Eg var ikkje der!

Så var årets fyrste filmprisutdeling over. Eg må nok ein gong innrømme at eg har sett alt for få av filmane til å kunne gi ei kvalifisert vurdering av den. Er i grunnen nøgd med at eg fekk sett den tyske filmen "Das Weisse Band" på BIFF, spesielt etter at den fekk GG for beste utanlandske film. Av andre filmar eg har sett fekk "Hangover" pris for beste komedie. Det var også ein velfortent pris! Eg er IKKJE så nøgd med at David Duchovny ikkje fekk ein pris for si rolle i "Californication", eller at "House" ikkje fekk nokon pris. Ufint!

Elles er eg glad det er såpass "lenge" til Oscar-uttdelinga. Kanskje eg får sjans til å sett nokre fleire av filmane til dess. Kryss fingre for det, folkens! :)


Alle vinnarane av Golden Globes kan du sjå her.

Og her kan de sjå litt frå korleis EG opplevde fjorårets show.
http://alligatorill.blogspot.com/2009/02/this-is-night.html

Og ikkje minst den vakre takketala til Dustin Lance Black, manusforfatter til "Milk"
http://alligatorill.blogspot.com/2009/02/han-var-fin.html

AKK <3

No comments: