Her er kysset Synnøve fekk
Dersom du ikkje heilt skjønar dette har du nok ikkje lest/sett Peter Pan. Og no fekk eg enormt lyst til å sjå det att, på Det norske teater. AKK! Og dersom du er i Oslo bør du verkeleg benytte sjansen.
Og medan vi pratar om Peter Pan. Det er viktig å tru på alvar. Kvar gong nokon seier at dei ikkje trur på alvar dør ein alv. Då Tingeling nesten døde kom det fleir enn ei tåre hjå meg. Heldigvis var vi mange nok som trudde på alvar! Synnøve trur og på alvar! Ofte når ho er borte kjem ein av desse små flygande vesna og ryddar og ordnar.
Kva viser dette? Jau, det er viktig å tru! Sjølv om du ikkje ser! Sjå mirakla i kvardagen! Og uansett kvar du er bør du gje nokon eit fingerbøl. Eller eit kyss. Eller helst båe delar!
No comments:
Post a Comment