Jepp, eg skal på kino i dag. I dag skal eg sjå "Milk". Det KAN ikkje bli noko anna enn bra, sidan det er ein film av Gus Van Sant om legenda Harvey Milk. For å sitere filmweb.no "forkjemper for homofiles rettigheter, brobygger, politiker, fighter, ikon, inspirator, menneskevenn og helt. Hans navn forandret historien. Hans mot forandret menneskers liv."
Film nummer fire blir "Changeling", som eg ikkje fekk med meg på kino. Difor måtte eg bryta prinsippet mine om å ikkje laste ned filmar. Eg skuldar det på Bergen kino som etter mi meining er heilt bak mål i blant. Filmen har gått litt over ein månad. Uansett; eg får sett den, om enn ikkje på kino. Eg har dog lånt med meg projektoren frå jobb, så det blir litt kinokjensle over det.
I tillegg skal eg sjå på dette i helga, det beste kjem ca 0215. Diverre ingen Oscar-nominasjonar her.
No comments:
Post a Comment