Sunday, February 22, 2009

Siste film før det brakar laus?

Har sett nok ein Oscar-nominert film. Og for ein film... eg skal som vanleg ikkje fortelle om sjølve filmen, berre at den var glimrande. Vanlegvis likar eg ikkje Angelina Jolie, men i Changeling var ho glimrande. Eg hadde jo fått lasta ned filmen (sidan Bergen kino tok den av programmet så alt for tidleg) og hadde med projektoren frå jobb. Heldigvis har vi ein fin kvit vegg som fungerte glimrande som lerret. Dette blir nok ikkje siste gong eg ser denne filmen.

Terningkast: seks (!!)

No comments: