I går var vi på kino og såg Milk. Det er ikkje rart at filmen er nominert til heile ni Oscar-prisar, inkludert beste hovudrolle og beste film. Sean Penn var heilt glimrande, og eg må innrømme at eg grein fleire gonger. Av hensyn til alle andre som skal sjå filmen skal eg ikkje seie noko meir, men kan vel seie at eg fekk ekteskapslovdebatten i minnet. Eg voner verkeleg at mange får med seg denne viktige filmen!!!
No comments:
Post a Comment