Tuesday, February 10, 2009

Det må vere galskap!

Snøen lavar ned i Bergen for tida, og sjølvsagt kvar gong eg beveger meg utanfor døra og ikkje har mogleik til å koma meg heim. For faktisk, sjølv kor sentralt eg later som om eg bur, om ettermiddag/tidleg kveld går det få bussar heilt heim til meg. I dag var ein slik dag. Eg hadde litt over ein time å vente i byen, og sjølvsagt kom det store mengder med kvite greier frå himmelen. Hadde det enda vore slik som Morten Harket syng "det som skal komme fra himmelen/er ikke bare snø" eller at det faktisk var korrekturlakk som Anne Grete Preus syng om.

Men nei, det er snø. Kald snø. Som eg trengde vern mot. Og neida, eg hadde sjølvsagt ikkje med paraply, så det måtte eg kjøpe (eg er sannsynlegvis den beste paraplykunden i Bergen). Ein ting eg treng: paraplykurs. "Korleis bruke ein paraply slik at du ikkje blir gjennomblaut-kurset". For faktum er at uansett kor stor paraplyen min er blir eg like full av snø/regn/sludd som om eg ikkje hadde denne innretninga.

Uansett, etter å ha hengt ei stund (som ca 10 min på Galleriet) og litt (ca 10 min) på Platekompaniet fann eg ut at eg skulle freiste å gå på kafé. Det skulle vise seg å vere veldig lurt. for midt oppi galskapen fekk eg eit teikn.
i ein kaffe latte
kom noko til syne.
eit teikn. til meg?
så ja, det var ei
meining
med dette.

1 comment:

Anonymous said...

u can stand under my umbrella TF!