Friday, January 02, 2009

Gratulerer!


På dag to for den nye ekteskapslova kan vi gratulera Anfinn og August som fyrste par ut. Dei fyrste som inngjekk ekteskap som er sidestilt eit ulikekjønna ekteskap. Det seies at homofile går alt for raskt fram. A og A har vore saman i 25 år. Det seies at Senterpartiet er konservative. Den eine A'en er ein god senterpartist. Det er mange myter som blir brotne denne dagen.

Eg er glad! Dette er ein siger! For LLH, for homofile par, men mest av alt er det ein siger for kjærleiken!

Her er ho!
Den nye lova

For dei som ikkje orkar å lese heile lovteksten kan eg gje eit kort utdrag:
Lova gir homofile same rett til ekteskapsinngåing som heterofile. Det nye lovverket omfattar og endringer i adopsjonslova, barnelova og bioteknologilova.

Loven gir rett, men ikkje en plikt for kyrkja og trussamfunn, til å vie homofile par. Det er eit skår i gleda at for at dette skal kunne gjennomførast må kyrkjemøtet vedta ny litturgi.

Homofile ektepar får rett til å bli vurdert som adoptivforeldre på lik line med heterofile ektepar. Lesbiske par som er gift eller samboere i ekteskapslignende forhald får ein rett til å bli vurdert for assistert befruktning på lik line med heterofile par. Born av lesbiske ektefeller eller sambuarar som blir til ved assistert befruktning sikras to juridiske foreldre frå fødselen av. Det innebær bl.a. at bornet får arverett og mors ektefelle/samboer vil få foreldreansvar og underhaldsplikt overfor bornet.

...og mykje meir. Det kan du som sagt lese i linken over.

2 comments:

Anonymous said...

jeg er klar når du er klar... (jeg drømmer om å gå forran med sånn kurv med blomster og strø forran dere opp kirkegulvet)

Studentparlamentet said...

ja, ims. du ER den sjølvsagte blomsterkastejenta. S lurar på om det er kaktusar duskal kaste.