Sunday, December 21, 2008

Juleferie

Det er utruleg, men sant; eg har juleferie! Eg har fri så mange dagar at eg nesten ikkje kan rekne så langt. I dag har vi rydda stova, lagt på juleduken og sett opp julekrybba. Mac - katten - har blitt forvist under trappa. Han blei litt forvirra fyrst, men no trur eg han syns det er flott å ha fått eit eige rom!

Kva skal ein så bruka alle desse dagane på? Det blir nokre familiebesøk, ein fest/venebesøk, besøk av ungane. Men fyrst og fremst mykje avslapping. Brettspelspeling. Buzzspeling. Filmsjåing. Og ja, eg GLER meg!

Så veit de dét! :D

1 comment:

Anonymous said...

so far so good?