Sunday, November 02, 2008

To gonger Sigvart på ein månad

No er det under ei veke til eg skal på Sigvart Dagsland-konsert i Johanneskirken. Eg skulle eigentleg gå åleine, men no er eg så heldig å få Kristoffer med meg. Vi blei kjend pga Sigvart, så det skulle vel berre mangle! Dette blir min 5. konsert med Sigvart, og det blir ikkje den siste. Eg gler meg til å høyre songane. Eg gler meg til å få gåsehud og klump i halsen (og sikkert ei tåre eller to). Eg gler meg til den sære (men fine) humoren til Sigvart. Eg GLER meg!

Men det blir ikkje det einaste møtet med Sigvart i løpet av ein månad. Fyrste desember er Verdas aidsdag. Då skal eg og resten av LLH Bg/H, Skeiv ungdom, Kirkens bymisjon og Aktivt valg ha eit arrangement i Bergen. Det eg ser mest fram til er gudstenesta i Korskyrkja der Sigvart skal vere med. Dette blir litt annleis enn konserten neste laurdag, men sikkert MINST like fint. Og nok ein gong; Eg GLER meg!!

No comments: