Saturday, November 29, 2008

Ny biskop i Bjørgvin


I dag vart Halvor Nordhaug, rektor ved Menighetsfakultetet valt som ny biskop i Bjørgvin. Dette er den same kandidaten som for drøye to år sidan vart ditcha som kandidat i Hamar fordi han har eit konservativt syn i homofilisaka. Han er blant anna i mot å vigsle homofile og lesbiske. Som kjend valde Hamar istaden Solveig Fiske som biskop etter Rosemarie Køhn. To flotte og inkluderande biskopar. I Bjørgvin får vi altså nok ein konservativ og lite homovenleg biskop.

Sidan eg "tilfeldigvis" er på Menighetsfakultetet i dag fekk eg sjå den nyutnemde biskopen då han vart hylla av sine eigne, og fekk prøve den nylaga bispestolen. Eg lot vere å klappe som ein stille protest.
Og i sjølvsagt ringte media for å høyre kva EG meinte om den nye biskopen. Dette kan du lese om i BA i morgon (sidan eg var i StL-modus fekk eg ikkje tid til å summa meg, så eg hugser ikkje kva eg sa).
Her kan du sjå kva eg sa sist gong eg vart spurt om saka.

4 comments:

ida said...

Bjørgvin er jo berre konservativt då... Bergen er jo verdas mest myrkeblåe by, etter det eg har forstått.

om kommentarfelt: kvar sin motivasjon, men eg tykkjer no det er gale gildt å få kommentarar då, so då er det jo stas å vita at eg har appellerande kommentarfeltskrift! woho!

ida said...

forresten, i høve det innlegget der isabel frys om morgonen - vert huset ekstra varmt når katten er inne? spanande! her har me gått glipp av god straumsparing i alle år med våre utekattar...

KatrinElida said...

Jauda, du har en merkelig evne til å befinne deg midt i begivenhetenes sentrum! Ufattelig kjipt med denne utnevnelsen.....men alle de koselige FrP'erne i Bergen er nok happy.

Torill Jørgensen Frøise said...

Elida: Kvifor TRUR du at eg dro på landsstyremøtet?!