Wednesday, October 08, 2008

Nerdane sin julekveld



Ja, Inger Marie, du har rett (som alltid). I går, 7. oktober var nerdane sin julekveld. Dersom du ikkje skjønar kvifor er du mest sannsynleg ikkje nerd, i alle fall ikkje ein slik nerd eg er. Så greit, i tilfelle det er nokon av mine lesarar som ikkje er det så får eg fortelje. I går var dagen for statsbudsjettet.

Slik reint personleg er eg vel egentleg veldig nøgd med budsjettet. Eg meiner at dei 92 mrd er føreslått brukt på rett måte. Om eg skal nemna tre område eg er spesielt nøgd med må det vere samferdsle, kultur og bistand. At kommunane får så mykje pengar er heller ingen uting. Høgre masar sjølvsagt om skattelette, og Jan Tore Sanner (H) var nesten litt ufin i går då han sa: "President, kan du få finansministeren til å følge med?"

Og uanset ka du seier Isabel; Liv Signe har gjort ein god jobb og fortener all skryt ho kan få for dette budsettet. Ikkje berre som samferdsleminister men og som partileiar for eit av dei tre regjeringspartia. Eg syns Senterpartiet har fått gjennom mange av våre kampsakar.

Hurra!

2 comments:

Unknown said...

Men Torill då, eg sa jo ikkje det, eg meiner berre at det er mange som fortjener skryt. Det er eit SV-budsjett, som Bente seier. (og Bente er jo min helt)

Torill Jørgensen Frøise said...

den offensiv satsinga på fellesskap og felles verdiar - i heile landet er nok Sp si forteneste. Vi tek viktige grep for å ruste opp skular, vegar, jernbane og kyrkjer.

men ok, SV skal og få litt skryt! Hurra for dykk, og så går vi for minst fire nye år!

I morgon skal eg ut og kjempa for saka!