Wednesday, October 15, 2008

Kven skulle trudd dét?!

Overskrifta er både sarkastisk og ikkje. Det sarkastiske fyrst, greit å bli ferdig med det. Nok ein gong har ho gjort det; Nina-Karin Monsen har uttala seg om homofili. Denne gongen er det lesbiske kvinner som velgjer å få born og har eit ønskje om at begge skal få like rettar overfor bornet ho let sitt sinne gå utover.

Kva er det med denne dama? Kven fann på at det var ein god idé å la ho skrive i BT? Eg berre spør. Ho er filosof, forfatter og statsstipendiat. At ho er statsstipendiat betyr at staten betalar løna hennar til ho er 67, utan at ho eigentleg treng å gjere noko for det. Det er "stønad til uavhengig, fri verksemd for kultur, samfunn og vitskap". Men må den vere SÅ fri? Skal ho verkeleg få lov til å spreie eder og galle på denne måten?

Les innlegget hennar her. Ikkje ta deg nær av det.

Så til det som ikkje er sarkastisk meint. I 2010 skal NRK senda ein dokusåpeserie. Den er påbegynt no. Serien heiter "Bygdeliv". Her skal vi fylgje sju familiar gjenom eit heilt år. "Ok, og so what?" tenkjer du sikkert no (ev. tenkjer du "Ah...så utruleg spennande!!" eller "Ånei, ikkje nok ein teit reality-serie!") Saka er at ein av familiane er frå Lom. Det er to menn som bur saman. JA, dei er homofile. Dei har så vel ei dotter som bur saman med dei. Dette er i mine augo oppsiktsvekkjande og veldig positivt. Det finns faktisk homofile som bur i Lom. Og dei er faktisk akkurat som andre familiar. Hurra!!!

Her kan du lese om den gladsaka. I lokalavisa Fjuken.

1 comment:

Unknown said...

Du må slutte å gi meg linkar til ho der.