Sunday, September 14, 2008

Super superhelg!

Sit på Gardermoen og ventar på at klokka skal bli 19.00, for då går flyet mitt til Bergen. Eg har vore på StL si superhelg. Noko av det beste med helga var at vi fekk fri over ein time på laurdag slik at eg fekk tid til å springe ein tur rundt i byen. Eg rakk ikkje så mykje, men fekk stukke innom fairtradebutikken i Storgata ein tur. Det var eigentleg det viktigaste! 

På kvelden i går var eg på teater og såg "Hvite hester" på National. Eg måtte tenke lenge på kva eg egentleg tykkte om denne oppsetninga, og resultatet blei at eg gav den ein terningkast fire. Det var liksom bra, samstundes som det var litt ting som ikkje stemte heilt. Men eg ville ikkje gå så langt som å gje den tre, for det var jo bra og. 

No ser eg at batteriet på macen min snart er slutt, slik går det når ein gløymer å lade den. Eg kjem nok til å leggje inn bilder. Moglegens kjem dei på facebook, sidan eg er usikker på om det er nokon som les denne bloggen i sin opprinnelege form framleis. Om DU er ein av dei er det fint om du gjev meg ein liten lyd. TAKK! :D

PS! det var sjølvsagt fint å møte drømmedama igjen, men that goes without saying liksom! :)

6 comments:

Anonymous said...

hm, hva tror du drømmedama syns da, som har jobba så mye med denne helgen, og så syns du pausen er best :)

Torill Jørgensen Frøise said...

trur drømmedama skjønnar at eg likte pausa best fordi då kunne eg spele spel med henne. drømmedama mi er smart! :)

Anonymous said...

eheh, trur du var på smiskekurset til Ane

Unknown said...

LYD!
... eg syns nemleg opprinnelege bloggar er best.

Torill Jørgensen Frøise said...

ims: jepp, og det funkar, gjer det ikkje? :D

isabel: Ord! det viser liksom betre kva ein har meint!

AneM said...

Hurra!!!

det virker!!