Wednesday, September 24, 2008

Saken er BIFF

Det kriblar i magen når eg tenkjer på det. På BIFF; Bergen Internasjonale Filmfestival. Fine dagar med film, film og atter film. Programmet er endå ikkje klart, men vi har fått eit lite innblikk i kva vi skal få sjå. 

Førpremiere av den siste filmen til Ethan & Joel Coen, "Burt after reading" er ein av filmane eg definitivt skal få med meg. Og sjølvsagt filmen "She´s a boy I knew" ein film om vår forståing av kjønn, med påfølgande debatt. Det kjem til å vere mange, mange fleire filmar eg skal sjå. Om dei berre kunne få ferdig programmet! 

Eg gler meg, meir enn det eg klarar å uttrykkje her! MYKJE meir!! 

Yey!! 

No comments: