Tuesday, July 15, 2008

To blog or not to blog

Er det verkeleg det som er spørsmålet? Kanskje like lite som at det er "to be or not to be" som er det viktigaste sitatet frå Hamlet. Uansett, kva skjer for tida, undrar du kanskje. Eller kanskje ikkje? Sannsynlegvis er du særs oppdatert på livet mitt sidan du og har profil på facebook der eg gjerne fortel alt som skjer med meg. Dersom du skulle vere ein av desse som endå ikkje er på facebook (ja, eg seier endå, for eg veit at dersom du er på nett så kjem du til å enda opp på facebook ein eller annan gong) skal eg fortelje i korte trekk kva som har skjedd.

1) vi har vore på skeive dagar
2) eg har ferie
3) vi har hatt oreokakebake-kurs med Lin
4) vi har blitt beskulda for å vera A4-menneske fordi vi ville ta opp kyllingfilet om kvelden
5) eg har fått kjøpt meg hyllar til alle dvdane mine
6) vi reiser snart til London

Det er i korte trekk det som har skjedd sidan sist, vil eg tru. Dersom du har spørsmål eit eller fleire av punkta er det berre å spørje. Eg skal gje så utfyllande informasjon om det som overhode mogleg.

I dag har eg tilbragt over to timar på Kleppestø senter medan Synnøve klipte seg. Ja, det TEK så lang tid tydelegvis. No skal det leggjast til at ho i tilllegg farga/stripa og farga øyenbryn og -vippar. Og ja, ho blei fin. :)

Det å gå på Kleppestø senter så lenge er ei spesiell oppleving. Fyrst kjøpte eg sjølsagt film, Juno. Eg fekk litt sjokk når eg trudde at eg måtte betale kr 199,90 (eller tohundre som vi vanlege ville sagt) for ein enkelt dvd. Heldigvis har dei Mix, og der hadde dei vet til å prisa filmane litt meir normalt. Etter at eg hadde kjøpt film gjekk eg litt rundt, med musikk i øyrene. Såg på dei merkelege folka. For det er mange rare menneske her! Dei tykkjer tydelegvis eg er rar og, som kunne sitte på ein benk og trampe takta. Lite visste dei at musikken ofte stemte med det som skjedde rundt meg.

Eg er på ein måte glad for at det ikkje tok LENGER tid enn det gjorde, for eg var rimeleg ferdig med Kleppestø senter etter dei drøye to timane. Tru det eller ei :D

I morgon kjem Vilde Marie på besøk, og torsdag reiser vi til LONDON! O lykke! :)

No comments: