Monday, August 07, 2006

-heit?

Har nettopp avslutta (og vunne) ein diskusjon om nynorsk-skriving med ein her på kontoret. Han påstår at det er lov å skriva -heit, som i nyheit, noko det sjølvsagt ikkje er. Det rette ordet er nyhende. Andre aktuelle ord er kjærleik og fridom. Som i seg sjølv er flotte ord. Det får meg til å tenka på Unge Høgre som har slagorda

Kjærlighet - Frihet - Kapitalisme.

Er det kun i mine øyre/auge det gjer vondt?!

1 comment:

ADM said...

Det er faktisk lov å skrive nyheit, men ikkje kjærligheit.

Helsing ein som kom innom bloggen tilfeldig.

(PS: Sjekk ut nynorskordboka på nett)