På kvelden i går var eg på teater og såg "Hvite hester" på National. Eg måtte tenke lenge på kva eg egentleg tykkte om denne oppsetninga, og resultatet blei at eg gav den ein terningkast fire. Det var liksom bra, samstundes som det var litt ting som ikkje stemte heilt. Men eg ville ikkje gå så langt som å gje den tre, for det var jo bra og.
No ser eg at batteriet på macen min snart er slutt, slik går det når ein gløymer å lade den. Eg kjem nok til å leggje inn bilder. Moglegens kjem dei på facebook, sidan eg er usikker på om det er nokon som les denne bloggen i sin opprinnelege form framleis. Om DU er ein av dei er det fint om du gjev meg ein liten lyd. TAKK! :D
PS! det var sjølvsagt fint å møte drømmedama igjen, men that goes without saying liksom! :)