Monday, June 06, 2016

Rom for alle?

Laurdag skeiv BT om biskop Halvor Nordhaug som er i hardt vêr. Biskopen har vorte anklaga for svik, løgn og vranglære etter at han på Kyrkjemøtet stemte for vigsel for likekjønna.

"I min Fars hus er det mange rom" kan vi lese i Joh 14, 23 - 29, og i desse romma skal det vere plass til alle. Ingen skal stengjast ute, og det er sjølvsagt ikkje greit at nokon blir halden utanfor. Fleire som har kontakta biskopen seier at dei ikkje føler seg heime i kyrkja meir, og biskopen uttaler  "At folk i kjernetroppane vurderer å melde seg ut, bevegar meg."   

Kva med dei mange skeive som ikkje føler seg heime i kyrkja? Kva med prestar og kyrkjelege tilsette som ikkje får jobbe i Bjørgvin? Kva med dei som trass vedtaket i kyrkjemøtet kanskje må kjempe for å bli via i si eiga kyrkje? Blir biskopen bevegd av det?

For snart seks år sidan fekk eg og Synnøve velsigning i Korskyrkja i Bergen etter at vi fyrst hadde vore på Tinghuset og gifta oss. Det var ikkje enkelt å få rom. Kyrkja på Askøy var heilt stengt for oss, og det same var dei fleste kyrkjene i Bergen. Biskopen ynskte ikkje at det skulle skje, men takka vere Kirkens bymisjon, frivillige som stilte opp og ikkje minst den fantastiske presten som velsigna oss vart dette ein dag vi aldri kjem til å gløyme. Ein av gjestene uttala at det var den vakraste vielsen ho hadde vore på, til trass for at det var "kun" ei velsigning. Det følte nok eg også. Sjølv om eg ikkje sa ja høgt i kyrkja, sa eg det høgt innvendig. Og det var fyrst når vi hadde vore i kyrkja eg følte at vi var "gift". 

Men ok. Kva er likskapen mellom dei konservative som ikkje føler seg heime i kyrkja meir og skeive som ikkje blir tekne imot på same måte som heterofile? Ikkje så mykje. Eg vil vel eigentleg seie at det er to motsetnader. Likekjønna som ønskjer seg ein plass i kyrkja vil ikkje det på bekostning av heterofile. Eg ønskjer ikkje at nokon skal få færre rettar. Trur eg let vere å skrive meir, for eg har vel fått fram poenget mitt?

No comments: